Back to All Events

Musikken og dansen


  • Ole Bull Akademiet Voss Norway (map)

Over 18 år og ivrig folkemusikar, -dansar eller -songar og bruker mykje av tida di på musikken? Bli med på årets Osaseminar om den nære samanhengen mellom musikk og dans – kva du som utøvar treng å vite og trene deg på for at alle skal få lyst til å danse til musikken din! Seminaret har ei praktisk vinkling. Instruktørane er mellom dei beste på feltet.

PRAKTISK INFORMASJON

Registrering og sosialt torsdag kveld
Kurs: fredag og laurdag 09.30 – 14.00
Kurset er gratis.
Opphald og diett vert dekka for dei første 30 som melder seg på.
Avgrensa tal plassar. Førstemann til mølla.

Påmelding til: post@osafestivalen.no

INSTRUKTØRAR

Vegar Vårdal er ein svært aktiv frilansutøvar på fele og hardingfele, og leverte nyleg tingingsverk til Telemarkfestivalen. Han har lang erfaring som pedagog i både musikk og dans, og underviser fast på Ole Bull Akademiet.

Arne Anderdal er ein anerkjend hardingfeleutøvar, ikkje minst som dansespelemann. Han har fleire plateutgjevingar bak seg, mellom anna med runddansmusikk frå Hallingdal, som han har forska særskilt på. Han har mykje kursadministrasjon i jobben sin på Ole Bull Akademiet, men òg mykje undervisning, både i musikk og dans.

Elizabeth Svarstad
er dansar, koreograf og danseforskar med historisk dans som spesialinteresse. Ved sida av si kunstnarlege karriere har ho undervist og halde førelesingar på Norges Musikkhøgskole, Kunsthøgskolen og i mange andre samanhengar.

Elisabeth Syrdahl Ellingsen
har utdanning i musikkteater frå London og jobbar frilans med base der, men har bakgrunn i norsk folkemusikkmiljø som dansar og songar. Ho underviser med jamne mellomrom i dans på Ole Bull Akademiet.

Jon Ellingsen er ein av våre mest kjende hallingdansarar, med ei rekke topplasseringar på kappleik og ei omfattande verksemd med turnear, scenisk dans og danseinstruksjon bak seg. Han er far til Elisabeth S. Ellingsen, og i seminaret vil dei to dele av den rike danserøynsla dei har hatt både saman og kvar for seg.

Seminaret er eit samarbeid mellom Osafestivalen og Ole Bull Akademiet. Støtta av Sparebankstiftelsen DNB, som òg låner ut instrument til instruk- tørane frå si samling (Dextra Musica).

Foto: Ingerid Jordal

Previous
Previous
October 13

Danseskole anno 1774

Next
Next
October 27

Danseskole anno 1774